Mandag 1. april klokka 13:34 føretok DAT den fyrste avgangen sin på den nyoppretta FOT-ruta mellom Stord og Oslo. Før avgang vart passasjerane servert kaffi og kaker i terminalbygget. Heile 52 personar var ombord på den fyrste avgangen til Oslo, og totalt reiste det 184 personar over lufthamna denne dagen.

Forpliktelse til Offentlig Tjenesteytelse, eller FOT, vil i praksis bety fleire avgangar og billegare billettpriser for dei reisande på strekninga Stord-Oslo v.v dei neste 3,5 åra. Ved oppstarten er det sett opp 15 rundturar i veka.

Billettar kan kjøpast på flydat.no eller ved å kontakta Stord lufthamn på tlf. 53 40 37 00.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :