Stord Lufthamn - Din lokale flyplass

Om Stord Lufthamn

Stord Lufthamn

Stord lufthamn er Sunnhordlandsregionen sin lokale flyplass, og ligg på vestsida av øya Stord. Frå Leirvik sentrum er køyretida ut til flyplassen ca. 18 minuttar. Lufthamna vart opna i 1985 og har ein rullebane på 1460 meter. På 2000-talet bygde me nytt terminalbygg og brannstasjon. Grunna små fasilitetar til sikkerhetskontroll føreligg det no planar for utviding av terminalbygg, samt bygging av nytt tårn.

Stord lufthamn vert ofte nytta av fly og helikopter i samband med søk og redningsaksjonar, samt sjuketransport. Flyplassen er også særs viktig for konkurranseevna til det lokale næringslivet.

Stordflyet

Stordflyet vert operert av flyselskapet DAT. Flyselskapet flyg i dag 15 rundturar pr. veke på strekninga Stord-Oslo-Stord med flytypen ATR-42 med 48 passasjerseter. Flyturen mellom Stord og Oslo tek ca. 50 minuttar.

Anlegget

Flyplassanlegget er eigd av Stord kommune og vert driven av Sunnhordland Lufthavn A/S. Stord kommune eig 79% og Vestland fylkeskommune eig 21% av lufthamnselskapet.

Lufthamnselskapet har 16 årsverk som utfører samtlege arbeidsoppgåver, inkludert security.