Fredag 01. september starta DAT opp med ruteflyging på strekninga Stord-Oslo v.v. Fyrste flightane nytta DAT flytypen ATR-42 med 46 passasjerseter. Siste turen fredag nytta flyselskapet flytypen ATR-72 med 66 passasjerseter.

Søndag 03. september vart det også nytta ATR-72 på Osloruta. Til vanleg er det flytypen ATR-42 som skal nyttast på Osloruta.

Passasjerane som nytta seg av DAT sine ruter til/fra Oslo fredag 01. september vart servert kake og kaffi i terminalbygget.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :