Talet på reisande har auka jamnt og trutt sidan oppstarten av den statlege FOT-ruta 1. april i år.
I april nytta 3.349 personar nytta seg av DAT sine rutefly over Stord lufthamn. Kabinfaktor var på 53,3%.
Sidan oppstarten av FOT-ruta har regulariteten og punktligheten på ruta vore svært bra. Dette skuldast at DAT no har eit eige fly stasjonert på Stord lufthamn.
Auka frekvens på ruta, rimelege billettprisar og gratis parkering er alle medvirkande faktorar for at stadig fleire vèl å nytta seg av Stord lufthamn når dei skal reisa mellom Stord og Oslo.
Foto: Thomas A. Hjelmen