I dag har det vore god flyaktivitet på Stord lufthamn, Sørstokken. Forutan ruteflyet har mellom anna Luftambulansetjenesten vitja lufthamna med eit ambulansefly av typen Beech 200 King Air, i samband med ein pasienttransport. Mannskapet nytta og anledninga til å etterfylla drivstoff under besøket.
Noko seinare var forsvarets AW101 «SAR Queen» redningshelikopter innom flyplassen for å driva treningsflyging. Helikopteret tilhøyrer 330 skvadronen og er stasjonert på Stavanger lufthavn – Sola.
Foto: Thomas A. Hjelmen