Stord lufthamn fekk i natt besøk av Luftforsvaret sitt redningshelikopter av typen EH10.
Helikopteret kom i tett snøvær og dårleg sikt frå Stavanger lufthavn, Sola til Stord lufthamn for å frakta ein pasient vidare til Haukeland sjukehus i Bergen.
Sjølv om været var dårleg kom helikopteret seg trygt ned på Stord lufthamn og etter eit kort bakkeopphald gjekk turen med pasienten vidare nordover.
Foto: Jan Morten Myklebust