Under avgang og landing er det best flygeforhold om vinden kjem mest mogleg mot flygeretninga, altså at vinden kjem rett mot flyet. Dette bidrar til meir løft under vingene, og gjer at flya bruker mindre rullebane til å lette eller lande.
Rullebanen på Stord lufthamn er bygd slik at alle fly som letter og lander flyg anten i ei nord-vestleg eller sør-austleg retning.
Som ein kan sjå av denne illustrasjonen som viser Meteorologisk institutt si utrekning av kva retning vinden har blåst ved lufthamna i perioden 2013 til 2023, er det tydeleg at plasseringa av rullebanen på Sørstokken er korrekt i høve til vindretninga.
Og om nokon lurer på kva tala i enden på rullebanen betyr, så oppgir desse dei to første tala som kompasset viser når ein står i enden av rullebanen. Står ein i nordenden på bane 14, peiker nasa mot 144 grader, medan ein på bane 32 i sør står vendt mot 324 grader.