Kundeservice : +47 53 40 37 00

I samband med ein omfattande leiteaksjon etter ein sakna person i Fitjar, vart eit redningshelikopter frå Luftforsvarets 330 skvadron på Sola sett inn i søket. Helikopteret av typen Leonardo AW101 SAR Queen var innom lufthamna fleire gonger utover kvelden og natta for etterfylling av drivstoff.

Leiteaksjonen vart avslutta natt til lørdag då den sakna personen vart funnen i god behald.

Foto: Thomas A. Hjelmen


Stikkord :
Del innlegg :