Samf.dep. fortel i pressemelding datert 28. mai at flyruta Stord-Oslo vert teken ut av ordninga for kjøp av flyruter frå utløpet av juni. 

Flyruta Stord-Oslo vart inkludert i den statlege ordninga for kjøp av flyruter 12. april. Anbodet gjaldt for kun 3 månader. Belegget på ruta har auka sakte men sikkert. Frå ein kabinfaktor på 12,8% fyrste veka etter oppstarten har kabinfaktoren no vore over 30% dei siste 3 vekene.

Ein ser såleis ei positiv utvikling i passasjertal. Stord lufthamn og Osloruta er viktig for beredskapen i Sunnhordland og for konkurranseevna til lokalt næringsliv. Aker Solutions AS nyttar Stord lufthamn og charterfly frå Widerøe til å fly heim polske gjestearbeidarar.

Før pandemien kom hadde DAT operert Osloruta i 10 år for eiga økonomisk risiko. Målet er at flyselskapet igjen skal kunna operera Osloruta utan økonomisk støtte. For å klare dette er me avhengig av at ruta enno ei stund vert inkludert i statens flyrutekjøp. På denne måten får me bygd opp eit godt passasjergrunnlag. Utan Osloruta står lufthamna i fare for å verta lagt ned.

Fylkesutvalget i Vestland ber regjeringa vurdere flykjøp på ruta Stord – Oslo på nytt.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :