Eg viser til brev 8. september 2022 med søknad om å utlyse flyruta Stord–Oslo som ei midlertidig FOT-rute i seks månader, som følge av at noverande operatør vurderer å innstille rutedrifta, og i påvente av ei avklaring om ruta skal inkluderast i utlysinga av nye FOT-ruter frå 1. april 2024.

Det midlertidige pandemirelaterte flyrutekjøpet på ruta Stord–Oslo i 2021 vart gjennomført utanfor dei normale prosedyrereglane for flyrutekjøp. Dette var grunngjeve med at me sto i ein krisesituasjon som ein ikkje kunne sjå kome då reglane vart utforma.

I ein normal-situasjon, som no, kan eit slikt midlertidig flyrutekjøp vanskeleg forsvarast. Eit eventuelt flyrutekjøp på Stord må difor skje innanfor dei normale prosedyrereglane og ut frå ei vurdering av om ruta kan og bør vere ei FOT-rute.

Eg kan ikkje forskottere kva for flyruter som skal inngå i den komande flyrute-anskaffinga frå 2024. Mellom anna vil den transportfaglege utgreiinga som no er under arbeid ligge til grunn for vurderinga av kva ruter som skal kjøpast. Utgreiinga skal sendast ut på høyring når den er ferdig, etter planen i november i år.

Med helsing
Jon-Ivar Nygård

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :