Spørsmål
Flyruta Stord-Oslo har opplevd krevjande tider gjennom koronapandemien, og dette har gått
ut over flytilbod med dårlege slott-tider for dei reisande, noko som igjen gir dårleg frekvens
og passasjergrunnlag.

Vil departementet bidra til at ruta Stord-Oslo får tilbake sitt ordinære passasjergrunnlag med
å lyse ut ein ny 6 mnd kontrakt på denne flyruta?

Svar
Flyruta Stord–Oslo vart etter to oppmodingsvedtak i Stortinget inkludert i det mellombelse
pandemirelaterte kjøpet (minstetilbodskjøpet) av ruter som til vanleg er drivne på
kommersielle vilkår. For Stord–Oslo si del var ruta omfatta av ordninga i perioden 1. april
2021 til 31. desember 2021. Sidan kjøpet vart avslutta, har det ikkje vore gjennomført
minstetilbodskjøp på ruta Stord–Oslo eller på andre ruter.

Etter omikron-utbrotet vart det i desember innført nye smitteverninnstrammingar. Regjeringa
la derfor i januar fram forslag til ei rekke kompenserande tiltak for Stortinget. Dette inkluderte
mellom anna ei løyving til moglege nye minstetilbodskjøp dersom kommersielle
samfunnskritiske ruter fekk eit vesentleg svekka rutetilbod, eller midlertidig vart lagt ned som
følgje av smitteverntiltak. Midla vart foreslått sett av til første kvartal 2022, noko Stortinget
slutta seg til, jf. Prop. 51 S (2021-2022), Innst. 119 S (2021-2022).

Etter dette vedtaket er smitteverntiltaka fjerna, og vi nærmar oss no slutten av første kvartal
2022. Eg meiner difor at føresetnadene lagt til grunn i behandlinga av eit mogleg
minstetilbodskjøp i Stortinget ikkje lenger er tilstades. Samstundes vil eg påpeike at
minstetilbodskjøpa har vore gjort utanfor dei normale prosedyrereglane for flyrutekjøp. Dette
har vore grunngjeve med at vi har stått i ein krisesituasjon som ein ikkje kunne sjå kome då
reglane vart utforma. Med fjerninga av smitteverntiltaka mv. er det på dette tidspunktet meir
juridisk krevjande å gå inn med denne typen kjøp.

Neste rullering av kontraktene i Sør-Norge for ordninga med statlege kjøp av flytenester, dei
såkalla FOT-rutene, skjer frå 1. april 2024. Før dette skal det også gjennomførast ei høyring,
der det vil vere høve til å kome med innspel om ruter ein meiner bør vere ein del av FOTordninga.

Med helsing
Jon-Ivar Nygård


Stikkord :
Del innlegg :