Onsdag 14. juli startar Stordflyet opp att med flyging på Osloruta. I perioden fram til 15. august vert det endringar i rutetidene. Grunnen til dette er at DAT har fleire fly på teknisk vedlikehald og må nytta det same flyet til å operera rutene Stord-Oslo og Florø-Oslo.

Det vert avgang frå Stord kl. 07.00 og kl. 13.15. Avgang frå Oslo kl. 11.45 og kl. 18.00. Flytida er på ca. 55 minuttar. Rutetidene gjeld mandag-fredag samt søndag. Frå og med 16. august er ein attende til normale avgangstider.

I sommar kan du få kampanjebillett til kr 777,- ein veg inkludert innsjekka bagasje på inntil 23 kg. Kjøp din flybillett på www.stordflyet.no Billetten må bestillast seinast 10 dagar før avreise.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :