Flyruta Stord-Oslo er inkludert i det statlege flyrutekjøpet fram til og med 31. desember d.å. Frå og med 01. januar 2022 må DAT operera flyruta for eiga økonomisk risiko.

Grunna pandemien og nedgong i talet på reisande har DAT bestemt seg for å flyga eit redusert ruteprogram i januar månad.

Lufthamnselskapet er i dialog med Samferdselsdepartementet og har stor tiltru til at staten i løpet av januar vil senda ut eit nytt anbod på Osloruta der ruta vert inkludert i det statlege flyrutekjøpet med verknad frå februar 2022.

Stikkord :
Del innlegg :