Kundeservice : +47 53 40 37 00

Grunna auka etterspurnad på Osloruta set DAT inn tre nye rotasjonar frå 24. april, samt ytterlegare 2 rotasjonar frå 16. mai, melder flyselskapet i ei pressemelding.

Me ser positive teikn på bookingar denne sommaren, og kan sjå at me snart er attende på same passasjertal som sommaren 2019, seier Jesper Rungholm, direktør i DAT.

Vidare skriv flyselskapet at dei har opplevd 21 prosent fleire bookingar enn normalt i mars månad, og at dei har flydd 51 prosent fleire passasjerar enn i februar.

Me får dagleg førespurnadar frå kundane våre om auka frekvens på Osloruta. Me er glade for at DAT no setter opp kapasiteten på ruta, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :