I desse dagar pågår det arbeide på Stord lufthamn med å knytta lufthamna til Avinor sitt stamnett på Kattnakken og Siggjo.
Telenor sitt gamle koparrnett vert no kobla ut og erstatta med stamnett. Stord lufthamn nytta tidlegare gamle linjer frå Telenor til flyradioen som er plassert i masta på Kattnakken.
Ved å overføra sambandet til stamnett vil drifta på flyradioen på Kattnakken verta langt meir stabil. Utstyret vart ofte slått ut ved lyn og tordenvær.
Lufthamna har i tillegg reserveradio som er plassert i instrumenthytte på vestsida av rullebanen.
Foto: Thomas A. Hjelmen