I 2023 reiste 10.549 personar med fly over Stord lufthamn. Samtlege nytta seg av DAT si Oslorute. Kabinfaktoren på ruta var på 53,8%. Samanlikna med 2022 var dette ein reduksjon i antal reisande på 51,2%. Grunnen til den store reduksjonen i antal reisande var at DAT i 2023 har flydd eit sterkt redusert ruteprogram på Osloruta. I perioden juni, juli, august var lufthamna heilt utan ruteflyging.

Me ser fram til oppstarten av den statlege FOT-ruta 01. april 2024. I det statlege anbodet var det krav til 12 rundturar på strekninga Stord-Oslo. DAT har lagt inn eit ruteprogram med 15 rundturar.

I 2023 registrerte lufttrafikktenesta 6.174 flyrørsler. Dette er ein liten auke frå 2022 då det vart registrert 6.161 flyrørsler.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :