Det er ikkje berre i lufta det blir action under Stord Airshow 2023. Det blir og underhaldning for dei minste på bakken. Sjølvaste Brannbamsen Bjørnis kjem til Stord Airshow og det blir anledning å helsa på han for alle som vil. Bjørnis er tidenes største satsing på brannførebyggande kommunikasjon med born som hovudmålgruppe. Prosjektet bygger på tanken om at brannvernopplæring for born er ein av grunnpilarane i brannførebyggande arbeid.

Som om ikkje det var nok, skal me under Stord Airshow og få svaret på eit spørsmål som har blitt diskutert i barnehagar sidan tidenes morgon: Kven er raskast, den raude eller den gule brannbilen? Svaret kjem 10. juni, då Brann og Redningstenesta ved lufthamna arrangerer eit kort kappløp på rullebanen med dei to brannbilane i 12-tida. Sist, men ikkje minst, kan me tilby gratis hoppeslott for dei minste. (Men me ber om at ingen hopper så høgt at det forstyrrer pilotane som driv med flyoppvisning i lufta.)
Hoppeslottet kjem i regi av Fylkesnes Bil som og vil stille ut bilar under arrangementet. 

Stikkord :
Del innlegg :