Tirsdag denne veka var det stor helikopteraktivitet på lufthamna. Helitrans hadde i løpet av dagen mange turar mellom flyplassen og austsida av Bømlo.
Årsaka til den store aktiviteten var frakt av materiell som har vorte lagra ved lufthamna den siste tida, og som skal nyttast i samband med eit sjøkabelprosjekt mellom Stord og Bømlo. Det er Fagne som står for prosjektet, medan Helitrans utførte løfteoppdraget med deira Airbus H125 helikopter.
Foto: Thomas A. Hjelmen