Den langsiktige situasjonen på Osloruta er løyst med at ruta er komen inn under FOT-rutene frå 1. april 2024. Den kortsiktige situasjonen fram mot dette er dessverre uviss etter at flyselskapet DAT har signalisert at dei ikkje vil fly på ruta mellom Stord og Oslo utan økonomisk kompensasjon. Vi håpa i det lengste at vi ville finne ei ordning på ruta, slik at det ikkje ville bli opphald, men så langt har det ikkje lukkast. Frå og med 1. juni er det derfor ingen flyrute som er satt opp mellom Stord og Oslo. Vi er optimistiske og jobbar vidare med å få på plass ei ordning i løpet av sommaren.

Stikkord :
Del innlegg :