Spørsmål:
Det hastar med å få ei avklaring for flyruta Stord–Oslo. Ei midlertidig ordning med 8 rotasjonar er no på plass. Frå og med 20. mars aukar DAT frekvensen på ruta frå 5 til 8 rotasjonar pr. veke. Ordninga gjeld fram til og med 31. mai d.å. Likevel er det naudsynt med 12 rotasjonar og gode rutetider for å få ei tenleg rute for regionen. Vil departementet bidra til å få dette på plass inntil avklaring om FOT-rute for sambandet endeleg er på plass?

Svar:
Regjeringa varsla 15. mars 2023 at vi har vedteke å styrke rutetilbodet og redusere billettprisane i FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024. Eit av tiltaka er å ta flyruta mellom Stord og Oslo inn i FOT-ordninga ved oppstart av neste avtaleperiode 1. april 2024, noko som har blitt godt mottatt på Sunnhordland.
Når det gjelder flyrutilbodet før den tid, er merknaden om ruta Stord–Oslo frå Stortinget sin handsaming av statsbudsjettet 2023 til vurdering i Samferdselsdepartementet , jf. Innst. 13 S (2022–2023). Departement er og i dialog med lufthamnselskapet. Eg tar sikte på ei avklaring før utløpet av den lokale kjøpsavtalen 31. mai 2023.

Med helsing Samf.minister Jon-Ivar Nygård

Stikkord :
Del innlegg :