Lufthamnselskapet har i dag sendt fylgjande søknad til Samf.dep:
Sunnhordland lufthavn AS søkjer herved om at den økonomiske kompensasjonen til drift av Stord lufthamn vert auka med kr 3.500.000 pr. år frå og med 2022.
Sunnhordland lufthavn AS står for drifta av Stord lufthamn. Selskapet er eigd av Stord kommune (79%) og Vestland fylkeskommune (21%)
I 2015 signerte Samf.dep. og lufthamnselskapet ein avtale om økonomisk kompensasjon til drift av Stord lufthamn for perioden 2016-2020. Kompensasjonen for 2016 var på kr 19.700.000. Beløpet vart årleg indeksregulert. Lufthamnselskapet søkte i 2016 om ein høgare kompensasjon, men grunna budsjettramma i Samf.dep. vart den økonomiske kompensasjonen lågare.
For perioden 01.01.2021 til og med 31.03.2024 er det Vestland fylkeskommune som yt økonomisk kompensasjon til drift av Stord lufthamn. For 2021 var den økonomiske kompensasjonen på kr 22.680.000. Økonomiske midlar til drift av Stord lufthamn vert overført frå staten til fylkeskommunen gjennom rammeoverføringar.
Førebels rekneskap for 2021 for lufthamnselskapet visar eit negativt resultat på kr 1.400.000. Rekneskapet er enno ikkje revisorbekrefta. Førebels budsjett for 2022 visar eit negativt resultat på kr 3.500.000.
Årsaka til det negative årsresultatet for 2021 samt den negative prognosen for 2022 skuldast mellom anna fylgjande:
- Coronapandemien.
- Fleire periodar der Osloruta har vore innstilt samt periodar med redusert flyprogram. Dette fører til lågare inntekter på startavgifter, passasjer- og securityavgifter samt handling.
- Auka kostnader til straum.
- Auka kostnader på tenester ein kjøper frå Avinor AS og Avinor Flysikring AS. Prisen på flynavigasjonsteneste (FNT) er auka med 50% årleg dei siste 2 åra.
- Prosjektering av nytt tårn samt utviding av terminal. Eigarane av lufthamnselskapet har gjeve tilsagn om lån pålydande kr 18.000.000 til prosjekta.
Flyselskapet Danish Air Transport (DAT) er i dag flyoperatør på Osloruta og flyg for tida eit sterkt redusert flyprogram med 6 rundturar pr. veke på denne strekninga. Selskapet nyttar flytypen ATR-42 med 48 passasjerseter. Regulariteten og punktligheten på ruta har vore svært god. Flyselskapet flyg i dag Osloruta for eiga økonomisk risiko. I veke 6 d.å. hadde DAT ein kabinfaktor på 54,2%. Det er gledeleg å registrera at stadig fleire privatpersonar vel å nytta seg av det lokale flytilbodet til/frå Oslo.
Under Coronapandemien har staten innlemma flyruta Stord-Oslo i sine flyrutekjøp og flyruta vart såleis lyst ut på anbod over 3 perioder, april-juni, juli-september og oktober-desember. DAT vann samtlege anbod. Lufthamnselskapet har søkt staten om ei vidareføring av flyrutekjøpet for Osloruta for 6 månader. Me vonar no på ei snarleg avklaring slik at ruta frå 01. mars igjen kan opererast med 12 rotasjonar pr. veke. Før Coronapandemien hadde DAT operert Osloruta dei siste 10 åra for eiga økonomisk risiko med god kabinfaktor.
Osloruta og Stord lufthamn er viktig for det regionale næringslivet i Sunnhordland med Aker Solutions i spissen. Aker Solutions har under Coronapandemien nytta Widerøe og Stord lufthamn til å transportera polske gjestearbeidarar heim til Polen. Aker Solutions har for tida godt med arbeide og ein sterkt aukande ordrereserve fram mot 2027. Flyruta Stord-Oslo og Stord lufthamn er såleis svært viktig for å sikre gode vilkår for verftsindustrien i regionen.
Lufthamna er viktig for beredskapen i regionen og er ofte besøkt av redningshelikopter og ambulansefly. I oktober 2020 vart lufthamna nytta som helikopterbase for offshoretrafikk til plattformene i Nordsjøen grunna vektarstreik på Bergen lufthavn, Flesland. Stord lufthamn avlastar Bergen lufthamn med treningsflyging av fly og helikopter.
Me har merka oss at dei private lufthavnene Sandejord lufthavn, Torp og Haugesund lufthavn, Karmøy har fått økonomisk støtte frå staten gjennom pandemien for å kunna oppretthalda drifta av lufthamnene. No treng også Sunnhordland lufthavn AS og den regionale lufthamna på Stord økonomisk støtte.
Foto: Thomas A. Hjelmen