Flyselskapet Danish Air Transport (DAT) har dei siste 11 åra, fram til Covid 19 traff oss i mars 2020 flydd ruta Stord-Oslo for eiga økonomisk risiko. Denne ruta er såleis ei av få ruter på det regionale kortbanenettet i Noreg som under normale tilhøve er levedyktig og vert driven utan statleg flykjøp.

Grunna Covid-19 har Stord lufthamn i perioden 17. mars til 09. august 2020 samt i perioden 22. januar til til 11. april 2021 vore utan flyrute til Oslo. Lufthamnselskapet søkte Samd.dep. om at flyruta Stord-Oslo måtte inngå i statens flyrutekjøp. Samf.dep. avslo denne søknaden. Dei tilsette i lufthamnselskapet vart som ein konsekvens av dette permitterte i 7 månader.

Etter sterkt press frå lufthamnselskapet, kommune og fylke samt lokale stortingspolitikarar lukkast ein med å få ein samrøystes Transport- og Kommunikasjonskomite på Stortinget til å vedta at flyruta Stord-Oslo skulle inkluderast i statens flyrutekjøp. Samf.dep. lyste 01. mars 2021 ut eit anbod på midlertidig drift av flyruta Stord-Oslo gjeldande for ein månad med opsjon på ytterlegare 2 månadar. DAT og Widerøe leverte inn anbod. DAT vann anbodet og starta opp flygingar på Osloruta 12. april 2021. Samf.dep. iverksette seinare opsjonane for flyging i mai og juni. Passasjerane fekk såleis fyrst kort tid før avreise vita om det var eit reelt flytilbod til Oslo over Stord lufthamn.

Gjennom pressemelding frå Samf.dep. datert 28. mai 2021 vart lufthamnselskapet gjort kjent med at staten ikkje ville forlenga flyrutekjøpet etter 30. juni 2021 grunna låg kabinfaktor. Det viste seg i ettertid at kabinfaktoren som Samf.dep. fatta sitt vedtak på var frå dei fyrste vekene like etter oppstarten av ruta. Kabinfaktoren for dei seinaste vekene hadde ei langt meir positiv utvikling. Lufthamnselskapet vart svært overraska over denne beslutninga og at selskapet ikkje vart kontakta før beslutninga vert teken. Stord lufthamn og Osloruta har stor betydning for konkurranseevna til lokal industri med Aker Solutions i spissen. Lufthamna er viktig for sikkerhet og beredskap samt for næringsliv, fastbuande og reiselivet.

Lufthamnselskapet måtte såleis igjen kontakta lokale stortingspolitikarar og Transport- og Kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Komiteen vedtok nok ein gong samrøystes at flyruta Stord-Oslo skulle inngå i statens flyrutekjøp. DAT var einaste tilbydar og vann anbodet. Grunna sein utlysing vart anbodet på ruta fyrst gjort gjeldande frå og med 14. juli 2021 og ut september månad. For lufthamnselskapet betydde dette at ein var utan Oslorute i 2 veker i sommar.

Grunna teknisk vedlikehald på fleire av DAT sine fly har flyet med base på Stord lufthamn også måtta utføra samtlege flygingar på ruta Florø-Oslo-Florø ein periode i sommar. Dette har medført at det vart større endringar i rutetidene på Osloruta vår noko som igjen gjev utslag på kabinfaktoren. Frå og med 16. august er me attende til normale rutetider. Det seier seg sjølv at det er vanskeleg å opparbeida ein god kabinfaktor på ruta når passasjerane fyrst like før avreise får stadfesta at det er eit reelt flytilbod til Oslo over Stord lufthamn samt at rutetidene i periodar vert endra.  

Me ser at det vil ta noko lengre tid å opparbeida ein god kabinfaktor på ruta. Me ber såleis om at flyruta Stord-Oslo på lik linje med flyrutene Stokmarknes-Bodø, Stokmarknes-Tromsø, Ørsta-Volda-Oslo og Florø-Oslo no vert lyst ut som ei FOT-rute for perioden 01. januar 2022 til 31. mars 2024.

Staten må for perioden 01. oktober til 31. desember 2021 sikra flyruta Stord-Oslo gjennom eit nytt midlertidig flyrutekjøp. For å unngå nok ein stopp i ruteflyginga må Samf.dep. snarast senda ut eit nytt anbod på ruta.

Målet vårt er at flyruta Stord-Oslo igjen skal kunna opererast på kommersiell basis.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :