Sunnhordland lufthavn AS søkte i mai d.å. Vestland fylkeskommune om ei ekstraordinær løyving på kr 3,5 mill. til drift av Stord lufthamn i 2022.

I saksframlegg til politikarane seier fylkesdirektøren fylgjande:

  1. Fylkestinget ser at Stord lufthamn er viktig for utviklinga av den sørlege delen av fylkeskommunen.
  2. På bakgrunn av ein vanskeleg økonomisk situasjon får Stord lufthamn eit eingongstilskot på kr 2,2 mill. Beløpet vert dekka av fondsmidlar.

Saka skal handsamast i Hovudutval for samferdsel og mobilitet 16.11.2022, fylkesutvalet 29.11.2022 og fylkestinget 14.12.2022.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :