Fredag i førre veke vart det gjennomført ei felles redningsøving på Leirvik. Veteranskipet MS Sunnhordland, Luftforsvarets 330 skvadron, Redningsselskapet og markørar frå Stord Folkehøgskule, tok alle del i øvinga.

I denne filmsnutten kan du sjå markørane hoppa i redningsflåten som vart sjøsett frå MS Sunnhordland, før redningsskøyta trekk flåten klar av veteranskipet.

Så kjem Luftforsvarets AW101 «SAR Queen» helikopter inn over Vikafle og starter redningsarbeidet. Ein redningsmann vert sendt ned i flåten, før mannskapet heiser opp samtlege markørar.

Etterpå går helikopteret til Stord lufthamn, der markørane vert sett av. Etter endt øving returnerte helikopter og mannskap til basen på Stavanger lufthavn – Sola.

Du kan sjå film frå øvinga her: https://youtu.be/PvMxffpMztA?si=ZIPBLrQDr6Kdcw8p

Stikkord :
Del innlegg :