Søndag ettermiddag var eit Sea King redningshelikopter frå Luftforsvarets 330 skvadron innom Sørstokken for aller siste gong.

Helikoptertypen vert no pensjonert etter 50 år i teneste, erstatta av dei meir moderande AW101 «SAR Queen» helikoptra.

I samband med utfasinga av Sea King, har eit av skvadronens siste operative helikopter dei siste dagane lagt ut på ein Noregs-turne, og vitja samtlege norske lufthamner.

Søndag var altså turen komen til Stord, der lufthamna si brann- og redningsteneste stilte fram fleire av sine køyretøy for å helsa veteranhelikopteret velkomen.

Du kan sjå video av den siste forbiflyginga her: https://youtu.be/ijAMzAnuOsA

Turen gjekk så vidare til Stavanger – Sola, før turneen avsluttes på Rygge i dag, mandag.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :