I ei pressemelding skriv Samf.dep. at flyruta Stord-Oslo-Stord vert teken ut av ordninga med kjøp av eit statleg minimumstilbud frå og med utløpet av juni. Grunnen er at antal reisande sidan ruta kom inn i minstetilbudskjøpet i april har vore lågare enn forventa. Samf.dep. visar til at reisebehovet på denne strekninga no er begrensa. Flytransportbehovet i regionen er dekka gjennom rutetilbodet ved Haugesund lufthavn, Karmøy. Flyrutene Florø-Oslo og Ørsta Volda-Oslo vert lyst ut på nytt anbod.

Lufthamnadministrasjonen er svært skuffa over beslutninga til Samf.dep. Belegget har vist ei positiv utvikling sidan oppstarten 12. april. Dei siste 3 vekene har kabinfaktoren på ruta vore på over 30%. Me vil no ta saka opp med Transport- og Kommunikasjonskomiteen på Stortinget i håp om å få ei positiv vedtak i saka. Me ynskjer eit nytt statleg anbod på 6 mnd. med opsjon på ytterlegare 6 mnd. Dagens anbod hadde ein altfor kort tidshorisont.

Foto: DAT

Stikkord :
Del innlegg :