Samferdselsdepartementet har nyleg lyst ut nye konkurransar om drift av regionale flyruter i Noreg og helikopterruta Værøy–Bodø (FOT-ruter). Tilbodsfristen er 27. juni 2023. I dei nye avtalane vil maksimaltakstane på alle FOT-rutene halverast.

– Regjeringa følgjer med dette opp målet sitt i Hurdalsplattforma om lågare priser på kortbanenettet. Med dei nye avtalane vil folk og næringsliv i distrikta få betre tilgang til andre deler av landet og verden. Dette er bra for busetting og næringsliv, og for å skape vekst og utvikling i regionane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsdepartementet forventar at lågare prisar vil føre til fleire reisande. Difor er setekapasitetskrava på rutene auka med i snitt 12 prosent. Fordelinga av kapasitetsauken mellom dei ulike ruteområda er basert på faglege vurderingar av prisfølsemd. Samstundes er det stor uvisse om kva effektane blir på etterspurnaden. I kontraktane er det difor opna for å gjere tilpassingar i løpet av avtaleperioden om det oppstår behov for det.

I utlysinga er det tatt inn nye krav til utsleppsrapportering. Samferdselsdepartementet vil i tillegg krevje at operatøren innan utløpet av første driftsår gjer greie for korleis ein kan vise forventa CO2-utslepp og moglegheit for kjøp av klimakompensasjon for reisa i bestillingsaugneblinken.

– I utlysinga oppfordrar vi også til å fase inn null- og lågutsleppsfly så snart det er teknisk mogleg, seier Nygård.

Sosial berekraft

Sosial berekraft er eit av dei sentrale tema i luftfartsstrategien som blei lansert tidlegare i år.

– Som varsla i meldinga, vil regjeringa bruke FOT-anskaffingane aktivt til å gjere gjeldande lover og regler knytt til lønns- og arbeidsvilkår tydelege, og til å bidra til at reglane vert overhaldne og handheva, seier Nygård.

Både konkurransedokumenta og kontraktane omtalar difor no reglane i arbeidsmiljølova og forskrift om utsende arbeidstakarar (utsendingsforskrifta) som gjeld for konkurransen, samt nye føresegn som klårgjer grensa mellom arbeidstakarar og oppdragstakarar. I tillegg varslast det om at allmenngjorde tariffavtalar vil gjelde for kontrakten dersom slike blir inngått medan kontrakten løper.

Samferdselsdepartementet styrkar også eigne moglegheiter til å be om informasjon frå kontraktsparten om forhold knytt til lønns- og arbeidsvilkår.

Kontraktskravet om å følgje ILO-konvensjonens art. nr. 87 og 98 (kollektive rettar og fagforeningsrettar) samt avgrensingane i bruk av innleige av fly med personell (wet lease), blir vidareført. 

I kontraktane og konkurransegrunnlaget er det stilt krav om at operatøren skal syte for å innhente synspunkt frå aktuelle fylkeskommunar og kommunar, samt lufthamnoperatør, i fastsettelsen av første ruteprogram og ved større endringar undervegs i kontraktsperioden.

Nye konkurransar

Alle ruteområda i inneverande avtaler blir vidareført som FOT-ruter i denne utlysinga. I tillegg er to nye ruter inkludert: flyruta Kirkenes–Tromsø  og flyruta Stord–Oslo.

Kirkenes–Tromsø er ei viktig brikke i ei omlegging av rutestrukturen i Aust-Finnmark, der målet er betre tilgang til Tromsø og hovudstaden for befolkninga i Aust-Finnmark. Omlegginga, som har lokal forankring, inneber færre direkteruter og fleire korrespondansekrav. Flyruta Stord–Oslo er tatt inn fordi det kommersielle tilbodet på strekninga har vore svekka etter pandemien.

Anbodet for strekninga Stord-Oslo gjeld for perioden 1. april 2024 – 31. oktober 2027.

Det skal vera minst 12 rotasjonar pr. veke. Maksprisen på ein flybillett ein veg er kr 1.191.

Foto: Jørgen Myklebust

Stikkord :
Del innlegg :