Onsdag kveld denne veka fekk Stord lufthamn besøk av eit av dei nye redningshelikoptera som til vanleg er stasjonert på Stavanger lufthavn, Sola.

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) ba om å få opna lufthamna i samband med ein pasienttransport frå Stord til Haukeland sjukehus. Helikopteret nytta også høvet til å føreta påfyll av drivstoff av typen JET A-1.

I løpet av eit år får lufthamnadministrasjonen fleire førespurdnader om ekstra opning av Stord lufthamn i samband med sjuketransportar av pasientar samt søk- og redningsaksjonar.

Foto: Thomas Mathieson

Stikkord :
Del innlegg :