I kveld arrangerte Stord lufthamn i samarbeide med Stord Næringsråd ei samling på Stord hotell for å profilera den nye statlege FOT-ruta på strekninga Stord-Oslo. Ruta startar opp 01. april og det vert 15 rundturar pr. veke.

På samlinga møtte fleire ordførarar, representantar for næringslivet, tilsette og styremedlemmer frå lufthamnselskapet og privatpersonar. Det var ca. 50 personar tilstades.

Det var innlegg frå lufthamnselskapet, flyselskapet (DAT), Stord kommune, Vestland fylkeskommune, tidlegare statssekretær Jakob Bjelland og Aker Solutions.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :