Kundeservice : +47 53 40 37 00

Fylkesutvalet viser til søknad frå Sunnhordland lufthamn AS om økonomisk støtte til drift av lufthamna fram til den kjem inn i FOT-ruteordninga 1.4. 2024. Fylkesutvalet beklagar at det ikkje er kome til semje med Samferdsledepartementet om økonomisk overgangsordning for trafikken ved lufthamna og at Stord kommune og Vestland fylkeskommune dermed alt har gitt tilskot for å sikra drifta våren 2023.

Ut frå ei heilskapsvurdering kjem fylkesutvalet søknaden i møte, og løyver NOK 2.000.000,- til drift av Sunnhordland Lufthamn AS fram til flyplassen kjem inn i FOT-ordninga frå 1.4.2024. Løyvinga føreset at støtta ikkje er i strid med EØS-lova og statsstøtteregelverket, og at Stord kommune yter tilsvarande økonomisk samla bidrag. Fylkesutvalet føreset at Sunnhordland Lufthamn arbeider vidare med statleg økonomisk støtte i perioden, og løyvinga vil då eventuelt verta avkorta mot statleg støtte. Fylkesutvalet føreset at Sunnhordland lufthamn as tilpassar driftsnivået til dei økonomiske rammene løyvinga gjev fram til lufthamna kjem inn i FOT-ruteordninga.

Fylkesutvalet tek atterhald om at løyvinga vert godkjend av Fylkestinget.

Foto: Jørgen Myklebust

Stikkord :
Del innlegg :