Ordførar Harald Rydland i Fitjar (KrF) fekk torsdag føremiddag telefon frå samferdselsminister Knut Arild  Hareide (KrF), der statsråden kom med gladmeldinga om at staten vil gje tilskot til flyruta Stord – Oslo fram til nyttår.

Den siste tida har stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) og ordføraren i Fitjar hatt tett kontakt med den politiske leiinga i Samferdselsdepartementet for å få på plass støtta. 

Stordruta har i over ti år halde det gåande utan offentleg tilskot.  Dette viser at ruta er viktig for næringslivet  og folket i Sunnhordland. Som ein fylgje av pandemien har ruta slite med å halda passasjertalet oppe det siste halvtanna året.  Trafikken har den siste tida vore i positiv utvikling, men for at ruta ikkje skal stoppa opp var det avgjerande at samferdselsministeren no sikra tilskot til ruta for ein ny periode.

Noverande støtteordning opphøyrer ved utgangen av september. Departementet vil snarast lysa ut anbod på ruta for perioden oktober – desember 2021. 

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :