Kjære statsråd Jon-Ivar Nygård

På vegner av Sunnhordland lufthamn, fylkesordførar Jon Askeland, hjørnesteinsverksemda Aker Solutions Stord og meg sjølv vil eg be om eit snarleg møte med deg i Oslo for å drøfta framtida for flyruta Stord-Oslo.

Osloruta er svært viktig for næringslivet, privatreisande og reiselivet i Sunnhordland. Det er avgjerande at ruta vert oppretthalden.

Me treng enno litt hjelp før ruta igjen kan drivast på kommersiell basis utan økonomisk støtte frå staten. 

Ber om eit møte med deg i Oslo i veke 50. Me tilpassar oss dykkar kalender og vil prioritera dette når det høver for dykk.

Håpar på snarleg tilbakemelding.

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :