Kundeservice : +47 53 40 37 00

To nederlandske turistar kom i dag innom lufthamna med sitt Aerospol WT9 Dynamic privatfly.
Dei to kom frå Kristiansand lufthavn – Kjevik, og hadde aldri vore i Noreg før. Turen gjekk rett og slett der det var fint vêr, og då høyrer det sjølvsagt med å stikka innom sommarøya Stord på vegen. Flytilhøva var gode og dei to nederlendarane var særs imponert av den flotte naturen.

Etter eit kort bakkeopphald gjekk turen vidare til Sandefjord lufthavn – Torp.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :