Sunnhordland lufthavn AS hadde i dag eit møte med Samferdselsdepartementet i Oslo vedr. flyruta Stord-Oslo.

Frå Samf.dep. møtte statssekretær Bent-Joacim Bentzen. Frå administrasjonen møtte Randi Hovde, Andreas Neumann, Lars Mølkjær Christensen og Jens Nesbø.

Frå lufthamnselskapet møtte styreformann Dag Aksnes og lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Lufthamnselskapet orienterte om drifta av Stord lufthamn samt utfordringane som ein no har med få rotasjonar og dårlege rutetider på Osloruta. Ein viste til vedtak i Transport- og Kommunikasjonskomiteen på Stortinget der komiteen ber om at regjeringa innanfor ramma for FOT-ruter i statsbudsjettet for 2023 går i dialog med Stord lufthamn og Stord kommune for å sjå på muligheten for å etablera eit tilstrekkeleg FOT-anbod.

På møtet takka Samf.dep. for oppdateringa dei fekk vedr. drifta av den regionale lufthamna på Stord samt utfordringane rundt flyruta Stord-Oslo. Samf.dep. lova å jobba vidare med saka.

På biletet ser vi frå venstre Dag Aksnes, Jan Morten Myklebust og statssekretær Bent-Joacim Bentzen.

Foto: Samf.dep.

Stikkord :
Del innlegg :