Sjølv om skodda låg tett over Stord i morgontimane, har flygingane gått som normalt ved lufthamna i dag.

Stordflyet gjekk fyrst til Oslo, godt føre tidtabell, medan den fyrste av to Widerøe charterflygingar til Polen gjekk kort tid etterpå.

På biletet har tåka letta og flya landa. Stordflyet kom frå Oslo omlag 20 min før rutetid, medan Widerøe si charterflyging nummer to til Polen straks er klar for avgang.

Widerøe nytta flytypen Dash-8 Q400 på begge charterflygingane sine, og frakta totalt 131 passasjerar til Polen denne morgonen.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :