I går var dei tilsette i tårnet ved Stord lufthamn på ekskursjon til Stavanger lufthavn – Sola.

Her fekk dei først omvisning hos Luftforsvarets 330 skvadron. Kaptein Helge Øglænd viste mellom anna fram det toppmoderande redningshelikoptret Leonardo AW101 «SAR Queen» (bilete).

Etterpå gjekk turen vidare til Hovudredningssentralen for Sør Noreg, der ein fekk eit innblikk i korleis arbeidet på HRS går føre seg når det oppstår alvorlege hendingar og katastrofar.

Neste stopp var eit besøk hjå flygeleiarane ved Stavanger områdekontroll (ACC) og Sola Approach før dagen vart avslutta med ei omvisning på Flyhistorisk museum Sola.

Foto: 330 skvadron.

Stikkord :
Del innlegg :