Stord Flyklubb inviterte søndag til markering av Luftsportens dag ved sine lokaler på lufthamna.

Der var det pølser på grillen, og mulighet for interesserte å vere med på demotur med klubbens mikrofly.

Og det kunne virke som det var mange som ville lufte seg ein tur i finvêret, for i løpet av drøye 3 timar vart det registrert 27 avganger eller landingar med 6 ulike mikrofly. På biletet har eitt av dei, ein Aeroprakt-22 nettopp landa på rullebanen etter ein rundtur.

Stikkord :
Del innlegg :