Sunnhordland Lufthavn AS har no fått løyve av Miljøverndep. til felling av fugl, små- og storvilt som lever naturleg eller trekk forbi Stord lufthamn, Sørstokken.
Lufthamselskapet har søkt om fellingsløyve då fugl/viltkontroll er noko ein ynskjer å vera proaktive på. Løyvet frå Miljøverndep. gjev oss mellom anna moglegheit til å flytta reir og egg for å unngå at den aktuelle fuglearten hamnar i ein samanstøyt med eit luftfartøy.
Lufthamnselskapet gjer og ei rekke tiltak som å halda nede vegetasjon, hyppig patruljering og inspeksjon av flyplassområdet. Fellingsløyve for fugl, små- og storvilt vert kun nytta når andre tiltak er fånyttes.
Sunnhordland lufthavn AS deltek i Norsk fly/fugl utval saman med andre lufthamner i Noreg. Flyselskapa er også medlem i utvalet.
Lufthamnselskapet har nytta fugleekspert Jan Rabben i arbeidet med å kartlegga dei ulike fugleartane.
Foto: Stord lufthamn