For tida pågår det ein kundeundersøkelse blandt dei reisande med Stordflyet over Stord lufthamn.

Dei reisande får spørsmål vedr. formålet med reisa si, reisemål og korleis dei har tinga reisa si. Dei får også spørsmål om korleis dei vart kjent med Osloruta, kor nøgde dei er med innsjekk og boarding samt security på lufthamna. Dei får også spørsmål om korleis dei opplever venlegheit og service frå dei tilsette i lufthamnselskapet.

Vidare får dei spørsmål om kor nøgde dei er med flyet som vert nytta på Osloruta samt kor nøgde dei er med informasjonen dei får ombord på flyet.

Kva er den viktigaste årsaka til at dei valgte å fly med Stordflyet. I tillegg får dei spørsmål om eventuell frekvensauke på Osloruta.

Lufthamnselskapet føretek kvart år slike kundeundersøkelsar for å måla kundetilfredsheten på dei reisande med Stordflyet over Stord lufthamn.

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :