Med økonomisk støtte frå eigarane våre, Stord kommune og Vestland fylkeskommune vart flyruta Stord-Oslo lyst ut på eit anbod gjeldande for 3 månader. Flyselskapet DAT var einaste tilbydar. Primært ynskte me oss ein ruteplan basert på 12 rotasjonar pr. veke. Utfrå dei økonomiske midlane me hadde til disposisjon let dette seg ikkje gjennomføra. 

Etter forhandlingar med DAT har me vorte samde om ein ny ruteplan, der flyselskapet aukar frå 5 rotasjonar i veka til 8. I ruteplanen har me fokusert på å få eit best mogleg tilbod til dei reisande. Rutetidene er ikkje heilt optimale då me må dela fly med Florø og Ørlandet. Avtalen gjeld frå 27. februar og fram til og med 31. mai. Dei 3 nye rotasjonane ligg no i bookingsystemet og gjeld frå og med 20. mars. Flybilletten din bestiller du på dat.dk. 

Frekvensauken gjeld fylgjande flygingar:

Mandagar: OSL 11.50 – SRP 12.55, SRP 13.25 – OSL 14.25

Onsdagar og torsdagar: OSL 17.40 – SRP 18.45, SRP 19.15 – OSL 20.15.

Me er takksame for det gode samarbeidet me har hatt med DAT over lang tid og at flyselskapet vil oppretthalda ruteflyginga på strekninga Stord-Oslo og såleis sikra eit flytilbod frå Sunnhordland til hovudstaden. Ruteflyginga bidrar også til å sikra den årlege driftsstøtta som lufthamnselskapet mottek frå Vestland fylkeskommune. 

Lufthamnselskapet jobbar no aktivt mot Samf.dep. for og sikra at Osloruta skal verta inkludert i dei statlige FOT-rutene. Ein viser her til vedtak i Transport- og Kommunikasjonskomiteen på Stortinget der komiteen ber om at regjeringa innanfor ramma for FOT-ruter i statsbudsjettet for 2023 går i dialog med Stord lufthamn og Stord kommune for å sjå på moglegheita for å etablera eit tilstrekkeleg FOT-anbod. 

Foto: Thomas A. hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :