I samband med at Samf.dep. no har FOT-rutene ute på høyring har Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Aker Solutions på Stord, fylkesutvalet i Vestland, DAT og NHO Luftfart alle signalisert at dei ynskjer flyruta Stord-Oslo inkludert i det neste statlege anbodet for FOT-ruter gjeldande frå 01.04.2024.

Anbodet som no er ute på høyring gjeld for 3 år.

Lufthamnselskapet har signalisert at ein ynskjer 3 rotasjonar på Osloruta mandag-fredag, ein rotasjon på laurdagar og 2 rotasjonar på søndagar.

Kabinfaktoren på Osloruta ligg i dag like under 60% og er såleis svært god samanlikna med andre ruter på kortbanenettet. Det er no særs viktig at ruta vert innlemma i dei statlege FOT-rutene, då dette vil sikra dei reisande eit godt flytilbod til Oslo dei kommande åra.

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :