Stord lufthamn fekk i dag besøk av Miroslav Zacek frå Slovakia. Han jobber til dagleg med handling av privatfly og businessjet’ar ved den travle lufthamna i hovudstaden Bratislava. For tida er han på reise saman med ein venn som hadde eit ærend på Bømlo, og nytta difor anledninga til å sjå nærare på den lokale lufthamna på Stord.

Då det vart kjent at flyentusiasten hadde kome langvegsfrå, vart det ordna med besøke både i terminal og tårn. «Eg hadde aldri trudd eg skulle få komma opp i tårnet og slå av ein prat.» seier Miroslav. «Eg var førebudd på å måtte knipse bilete gjennom gjerdet, så dette var jo heilt topp!»

Saman med kompisar er Miroslav lidenskapeleg oppteken av fly og luftfart, og er ein sjølvutnemnd flyspottar. Det vil seie ein person som reiser rundt og ser på eller fotograferer fly.
«Eg føretrekk å filme flyaktiviteten og anser meg sjølv som ein amatør, men eg kjenner mange profesjonelle som liker å ta bilete.» seier han, medan han viser fram bilete og filmsnutter frå ulike europeiske lufthamner, inkludert heimstaden Bratislava.

Etter å ha sett DAT sitt rutefly frå Oslo landa, får Miroslav bli med ein tur ut på flyoppstillingsplassen. «DAT er eit flyselskap eg aldri har sett i Bratislava før.» seier han med eit smil og knipsar eit par bilete.

Det var ingen tvil om at Miroslav sette pris på omvisninga og det å kunna slå av ein prat med dei tilsette på Stord lufthamn. Han utelukkar ikkje at det kan verta eit nytt besøk til Stord lufthamn ein gong i framtida.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :