DAT har i perioden 01. juli til og med 13. juli innstilt flygingane sine på Osloruta. Grunnen til dette er at det nye statlege anbodet fyrst gjeld frå og med 14. juli d.å. og ut september månad.

I perioden 14. juli til og med 15. august d.å. vert det endringar i rutetidene på Osloruta. Grunnen til dette er at DAT har fleire fly på teknisk vedlikehald og må nytta det same flyet til å operera rutene Stord-Oslo samt Florø-Oslo.

Frå og med 16. august er ein attende til normalt ruteprogram.

Dei nye rutetidene mandag-fredag samt søndag, gjeldande for perioden 14. juli til 15. august vert slik :

Avgang frå Stord kl. 07.00 og kl. 13.15. Avgang frå Oslo kl. 11.45 og kl. 18.00. Flytida er 1 time.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :