I dag fekk me storfint besøk frå NLF (Norges Luftsportforbund), ved Ola Tau Hatlestad, på det som truleg er den aller første A til B-turen med Norges einaste sertifiserte heilelektriske fly, Pipistrel Velis Electro.
Turen starta i Bergen med kurs mot Haugesund, og med ein liten pit stop på Stord. Ved landing på Stord lufthamn var batterikapasiteten fortsatt 53%.
Om ein ønsker å sjå nærare på elflyet, eller kanskje vera med på ein prøvetur, kan dette gjerast under Stord Airshow komande laurdag, 10.juni.
Foto: Magnhild Agdestein