Rundt klokka 17:45 fredag i førre veke kom forsvarets overvakingsfly P-3 Orion med kallesignal «SAINT31» innom lufthamna, truleg for aller siste gong.
Orion flya skal pensjonerast i løpet av månaden, etter 54 år med teneste i Noreg. Dei vert erstatta av dei større og meir moderne P-8 Poseidon.
I denne filmsnutten kan du sjå mannskapet frå 333 skvadronen på Andøya utføre ei låg overflyging av rullebanen, medan dei vinker lett med vingene til dei oppmøtte på bakken.
Flyet var på veg frå basen på Andøya til Stavanger lufthavn – Sola.
Du kan sjå video av det siste besøket her: https://youtu.be/p71emgeTyzE
Foto og video: Thomas A. Hjelmen