Frå og med 1. september d.å startar DAT igjen opp med ruteflyging på strekninga Stord – Oslo. Det vert 5 rotatasjonar pr. veke inntil utgongen av mars 2024. Frå og med 01. april 2024 inngår Osloruta i dei statlege FOT-rutene. 

Ruta vart innstilt 01. juni i år då kontrakten med Sunnhordland lufthavn AS vart avslutta. Stord kommune og Vestland fylkeskomune bidrog med økonomiske midlar til rutekjøpet. DAT har no inngått ein ny avtale med Sunnhordland lufthavn AS vedr. økonomisk støtte til ruta, noko som gjer det mogleg for flyselskapet å oppretthalda eit redusert flyprogram på ruta.

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust på Stord lufthan er svært nøgd med at ein no har fått ein avtale med DAT vedr. eit redusert ruteprogram fram til oppstarten av den statlege FOT-ruta i april 2024. Viktig for distriktet at ein har ei rute til/frå Oslo. For lufthamnselskapet er det også viktig at dei tilsette kan haldast i arbeid og at selskapet ikkje mistar viktig kompetanse.

DAT vil nytta fly av typen ATR-42 på Osloruta. Flya som skal nyttasr på Stord lufthamn skal også betjena ruter på strekninga  Ørland – Oslo og Florø – Oslo.

Billetprisane starter frå 899,- NOK ein veg. Studentar/ungdom og seniorar vil kunne kjøpa billettar frå 699,- NOK ein veg. Den fyrste tirsdagen i kvar måned held DAT fram med Først til Mølle billetter til 499,- NOK med avreise den efterfylgjande månaden.

Billetter kan tingast på flydat.no.

Sjå ruteplan:

Stikkord :
Del innlegg :