Onsdag ettermiddag denne veka var to franske mikrofly på veg frå Ålesund til Danmark, då dei valde å landa på Stord lufthamn grunna dårleg vêr på Vestlandet.

Dei 4 personane hadde vore heilt til Nordkapp med flya sine, og var på veg heim til Frankrike då det vart eit improvisert opphald på Sørstokken. Turistane fekk overnatta på lufthamna, då det ustabile vêret var venta å halda fram utover kvelden.

Følgjet satte kursen vidare sørover torsdag føremiddag.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :