Onsdag til fredag denne veka hadde Stord lufthamn besøk av Jan Peter Rydningen. Han er 15 år og går på Bremnes ungdomsskule og er interessert i fly og teknologi.
Jan Peter valgte utplassering på Stord lufthamn fordi han syntes at det på Stord lufthamn var mange forskjellige arbeidsoppgåver som måtte utførast. Jan Peter har vore svært flyinteressert heilt sidan han var liten, og derfor syntes han at flyplassen var noko for han.
Den første dagen av utplassering jobba han i tårnet. Dama som hadde vakt viste han kva alle knappane nyttast til og kva alle dei forskjellige instrumenta i tårnet nyttast til. Han fikk lov til å senda ut værmeldingar, noko som vart gjort 2 gonger i timen
Den andre dagen jobba han med billettar og bagasje. Han fekk opplæring i programmet som vert nytta til å sjekka inn passasjerar og bagasje. Han hadde litt vansker med lappen som ein festar på bagasjen, men etter ei lita stund og god rettleiing så gjekk også dette bra. Det kom ein mann som skulle ha med seg ein revolver, dette skapte litt trøbbel for Jan men med litt hjelp fra ein arbeidskollega gjekk også dette bra.
På den siste dagen under utplassering jobba han på brannstasjonen. Han fikk omvisning på brannstasjon og kjøretur på rullebanen. Han fikk hjelpa til med lossing av bagasje frå flyet. Etterpå fikk han sitja i cockpiten når flyet vart taua til hangar. Han utført i tillegg ein del småjobbar.
Jan Peter syntes at opphaldet på Stord lufthamn var lærerike. Han hadde mykje å gjera og det var ein positiv opplevelse. Han vil anbefala Stord lufthamn til skjuleelevar som skal på utplassering og som har interesse for fly.
Foto: Jørgen Myklebust