Elektrisk fly på Stord lufthamn for fyrste gong.

Torsdag kom landets einaste sertifiserte heilelektriske fly på besøk til Stord lufthamn.
Flyet, som er operert i regi av Noregs Luftsportsforbund, Avinor AS, SAS, Widerøe og miljøstiftelsen Zero, vart frakta til Stord i ein større tilhengar og montert i hangaren til Stord flyklubb.

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H), som kom med DAT sitt rutefly frå Oslo fekk seg ein tur med El-flyet. 

Flyet er ein to-seters Pipistrel Velis Electro, produsert i Slovenia. Med eit vingespenn på ca. 10 meter og ei tomvekt på 428 kg, kan det samanliknast med mikroflya til Stord Flyklubb.
Den elektriske motoren kan yta tilsvarande 77 hestekrefter, noko som gir ein toppfart på 180 km/t.
Fullt lada, kan flyet halda seg i lufta i ein snau time, og det tar omtrent like lang tid å lade flyet opp att når batteriet nærmer seg tomt.

Den elektriske motoren er sjølvsagt stillegåande, og det er i hovudsak propellblada som genererer lyden ein høyrer. Piloten som flaug på Stord torsdag kunne fortelja at då støynivået på flyet skulle målast, var det fuglekvitter i bakgrunnen som gav høgast utslag på målinga.

Flyet, som er registrert LN-ELB, er det fyrste elektriske flyet som er sertifisert av europeiske luftfartsmyndigheter (EASA).

Flyet vart lansert i Noreg hausten 2021, og håpet er at det skal vere starten på utsleppfrie rutefly i framtida.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :