Ivan-Kristoffer Hammerbeck som går i 9.trinn på Stord ungdomskule har i desse dagar arbeidsveka si på Stord lufthamn. Han fekk i oppgåve frå skulen å finna seg ein arbeidsgivar til arbeidsveka si. Han tenkte umiddelbart på Stord lufthamn.

Grunnen til at han ville ha arbeidsveka si på Stord lufthamn var fordi han har hatt ei stor interesse for fly heilt sidan han var liten.

Han sendte førespurdnad til lufthamnsjefen og spurde om han kunne ha arbeidsveka si på lufthamna. Det tok ikkje lange tida før han fekk positivt svar på førespurdnaden sin.

Ivan-Kristoffer har fått prøva seg på fleire ulike arbeidsoppgåver på lufthamna. Han har vore med og sett korleis dei jobbar i tårnet, på securityavdelinga samt på brann- og redningstenesta. Han har vidare delteke i bakkemannskapet som tek seg av flyet ved avgang og landing.

Ivan-Kristoffer følar han har vore heldig. Han har fått seg cockpittur med DAT til Oslo og han har fått flydd helikopter.

Alle som jobbar på Stord lufthamn er kjekke og hyggelege seier Ivan-Kristoffer. Om du skal ha ei arbeidsveke så kan eg anbefala deg å jobba på Stord lufthamn, sjølv om du er interessert i fly eller ikkje. Kanskje er det ei arbeidsveke på Stord lufthamn som skal til for å få deg interessert i luftfart. Eg har to dager igjen av arbeidsveka mi på Stord lufthamn, og eg gledar meg til begge dagane avsluttar Ivan-Kristoffer.

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :